Kampen mot nynorsken og respekten for mindretalet

Eg har i lang tid følgt med i debatten om opplæring i sidemål i skulen. I praksis er jo dette ofte ein debatt om nynorsk vs. bokmål. Mange debattantar finn dei underlegaste grunnar til at dei ønsker nynorsken på historias skraphaug. Eg har mange av dei mistenkte for å ha eigne negative opplevingar med faget som ein svært sentral bakgrunn for det korstoget dei fører. Dei argumenta som likevel kjem oftast, er at nynorsk er unyttig og at det er udemokratisk å tvinge eit fleirtal til å lære noko som bare blir brukt i praksis av eit lite mindretal.

Men er det eigentleg så udemokratisk å måtte lære eit språk som er ein viktig del av den norske kulturarven? Ein kan meine kva ein vil om dei to offisielle språka vi har, men det er eit faktum at nynorsk er eit viktig ledd i den kulturelle nasjonsbygginga i Noreg på 1800-talet. Dette er sjølvsagt ikkje isolert sett eit argument for at vi må lære språket 150 år seinare. Men eikvar svekking av nynorsken sin plass i det norske samfunnet, ville undergrave den posisjonen språket har hatt som eit nasjonalt symbol mot framand kulturell påverknad. I ei tid der denne påverknaden kanskje er sterkare enn nokon gang før, treng vi minnast på kva som har bidratt til å skape den nasjonale identiteten som nordmenn. Alle dei såkalla motkulturane er ein del av dette nasjonale medvitet: språkrørsla, lekmannsrørsla, dei frilynde ungdomslaga og fråhaldsrørsla. Kvifor er det slik? Jo, alle desse har vore viktige motkrefter til ein framand embetsmannskultur som gjennom kyrkje og annan statleg administrasjon hadde tatt nakketak på alt det norske gjennom 400 års union med Danmark. Da skuldar vi som medvitne samfunnsborgarar i dag å ta vare på denne arven og ikkje skusle han bort under dekke av fleirtalsavgjerder. I eit skikkeleg demokrati er det også slik at mindretalet har sine rettar. Ein av desse er respekten ved å svare på det språket ein mottar skriv på. Derfor må norske byråkratar framleis bruke begge dei norske språka når dei skal svare på skriv i jobbsamanheng. Ingen ville finne på å svare på norsk om ein fekk eit brev på engelsk. Den same respekten vil eg vise dei som skriv til meg, anten dei skriv på bokmål eller nynorsk.

No skal det seiast at det blir mykje dårleg norsk ut av dette når folk skal skrive på eit språk dei ikkje er trygg på. Men treng det å bety at ein skal kutte ut å lære dette språket? Kunne det ikkje like gjerne bli ei utfordring til å lære det? Og det er jo heller ikkje slik at det er nynorsken i seg sjølv som er problemet. Ofte er det kanskje like mykje dårleg språk på bokmål. Byråkratspråket er gjerne i seg sjølv eit språkleg misfoster som kan trenge litt hjelp.

Det er trist å sjå at i kampen mot nynorsken blir dei aller enklaste argumenta framstilte som vitskaplege sanningar. Men i røynda er det ofte slik at den tospråklegheiten som nynorsken er ein del av, kan gi nyttig læringseffekt også på andre område. I ein artikkel i Aftenposten denne veka kunne vi lese dette: http://www.aftenposten.no/kultur/Ny-forskning-antyder-at-nynorsk-gjor-deg-smartere-7157886.html. Dette er nok forsking som dei mest ihuga nynorskhatarane helst vil sjå bort frå. Men på same viset som kjennskap til fleire framandspråk genererer auka kunnskap, er det same altså tilfellet for den som beherskar begge dei to norske språka.

Med god grunn er det mange som fryktar at eit regjeringsskifte til hausten kan føre til at dei populistiske fridomsropa frå Unge Høgre og Framstegspartiet skal fjerne ein meir enn hundreårig tradisjon i norsk skule og samfunnsliv. Det kan i så fall gi nynorsken ulivssår og setje den nasjonale kulturelle identiteten langt tilbake. Eg er redd for at dei som er mest opptatt av å telje poeng og pengar ikkje veit å verdsetje verdien av eit levande språk og mindretalet sine rettar. Enn så lenge er det håp, og vi får håpe at dei  to nemnde partia ikkje får fleirtal aleine etter valet. Og så håpar eg at det skal vere mogleg å halde fram med to likestilte norske skriftspråk også i framtida.

 

Advertisements

One thought on “Kampen mot nynorsken og respekten for mindretalet

  1. Godt skrive AJ. Mange av dei som er motstandarar av nynorsk som skriftmål, fornektar samtidig sitt eige talemål. Mange har nok og negative opplevingar med nynorsk som skulefag, her må lærebokforfattarar, lærarar og andre formidlarar av nynorsk ta sin del av ansvaret.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s